BOOKING

Ta kontakt på telefon +47 40090900
eller e-post

Dei Sju Dødssyndene

Under finn meir informasjon om Dei Sju Dødssyndene og om vårt arbeide med dette verket.

Tekst: Bertolt Brecht
Musikk: Kurt Weill
Til nynorsk ved Ragnar Hovland

Utøvarane er:

Ingrid Stige, mezzosopran
Ludvik Kjærnes, tenor
Thomas Guttormsen, tenor
Eirik Krokfjord, baryton
Daniel Oskar Danielsson, bass
Mirjam Helene Kringen, klaver
Anna- Sofia Ulfsax, fiolin
Marit Charlotte Steinum, fløyte
Tore Høiland Aarrestad, klarinett
Ramon Figueras Alsius, trompet

Die sieben Todsünden er det siste samarbeidsprosjektet til Kurt Weill og Bertolt Brecht. Stykket blei skrive i 1933 då dei begge var i eksil i Paris, og det hadde urframføring same år, den 7. juni på Théatre des Champs-Elysées. Musikken er karakteristisk Weill, med den typiske blandinga av klassisk kunstmusikk, jazz og kabaret. Like viktig som musikken er teksta frå Brecht si hand; tema som eksil, fattigdom, pengar og moral står sentralt i stykket, saman med ein krass kritikk av dei sosiale og økonomiske strukturane i samfunnet og korleis desse påverkar det enkelte individet.

Dei sju dødssyndene fortel historia om Anna som blir send frå heimen sin i Louisiana til storbyane i USA for å søkje lykka. Familien hennar har eitt einaste mål for auge: at Anna skal tene masse pengar og sende dei heim slik at dei kan verkeleggjere draumen om å byggje eit lite hus ved breiddene av Mississippi. Anna drøymer om å tene pengar som danserinne, men oppdagar snart kva slags dans ho må danse for at pengane skal kome inn og familien skal bli nøgd. Trass sin harde kamp for pengar, får ho stadig formaningar heimanfrå om å halde seg langt vekke frå dei sju dødssyndene: dovenskap, stoltheit, sinne, griskheit, utukt, grådigheit og misunning.

Dette prosjektet vart arbeida fram hausten 2012/våren 2013, og blei fyrste gong framførd i Kulturkirken Jakob i Oslo den 7. mars 2013. Regien, ved Nina Harte, har eit minimalistisk preg som vil fungera i ulike typar av scenerom.